Landstaddagene / Olavsseminaret 2026
Bilde: Søsterkirkene med Mariakirken til venstre og Nikolaikirken.
Foto: Kirken i Gran/Inger S. Haug.
Magnus Brostrup Landstad laga den første norske salmeboka i 1870, med det vart han ein sentral person i nasjonsbygginga av Noreg på 1800-talet. Landstad var – som Ivar Aasen – opptatt av å utvikle norsk skriftspråk – som ein del av lausrivinga frå det danske.
I 1825 kom han som ung teologistudent til Gran, som huslærar for rittmeister Berg på Næs. Her møtte han prost Lassen si dotter Wilhelmine, som han seinare vart gift med. Han vart etter kvart sokneprest i Seljord i Telemark og andre stader – og mykje anna.
Landstaddagane og Olavsseminaret har i år gått saman og skipar til eit Landstadseminar. Det vert salmar og salmesong, foredrag om Landstad og Olavstradisjonen, om fornying av salmetradisjonen og om kor mykje salmane har hatt å seie for bygging av tru, kultur og samfunn her i landet. Det vert historier frå Landstad si tid på Gran og i Telemark, gudsteneste (med Landstadsalmar) i Tingelstad gamle kyrkje (St. Petri) og vandring til Sølvsberget.
PROGRAM 28.-30. AUGUST
Programmet går over tre dagar. Det er råd å vere med på alt eller berre ein av dagane.
Fredag ettermiddag:
Registrering og innsjekk.
Alle tilreisende ordner middag på hotellet for seg selv.
Fredag kveld:
Kulturkveld i Mariakirka, kl. 18.00, bill. kr 200 (vipps/kont.) i døra:
Landstad på Hadeland – på verseføtter og frierføtter
• Gran kirkekor: Landstadsalmer
• Kåseri om Landstad på Hadeland ved Jon Magnus Landstad
• Allsang av Landstadsalmer inn imellom programpostene
• Den nesten ukjente første ‘reviderte’ Landstads salmebok
• «Sognebud» framført av Marthe Stenerud Skeie
• Gran kirkekor: Landstadsalmer
• Anledning til å kjøpe «Et Sognebud» og andre Landstadtrykksaker
Lørdag:
I Mariakirka på Granavollen.
Søndag:
11.00: Gudstjeneste i St. Petri (Gamle Tingelstad kirke)
Landstadsalmer under gudstjenesten
Tor Even Fougner er liturg
Dag Harald Undheim preker
Enkel kirkekaffe ute
13.00: Fottur til Sølvsberget. Egne biler eller maxitaxi til utgangspunktet for turen.
Påmelding og meir informasjon: Send e-post til tf976@kirken.no
Arr.: Nasjonalt Landstadsenter, Hamar biskop, Kirken i Gran, Hadeland Kirkeakademier og Norske Kirkeakademier.