Strategiplan 2024-2029

Strategiplanen legger særlig føringer for styret og generalsekretærens arbeid.

Årsmøtet vedtek strategiplanen og legg føringar for styret og generalsekretæren sitt arbeid.
Medlemsakademia har sjølvstende og styrer sjølve arbeidet sitt. Årsmøtet har likevel ei von om at medlemsakademia vil la seg inspirere av planen når dei legg planer for arbeidet sitt.

Dette er vi:

Norske kyrkjeakademi (NKA) er ei økumenisk rørsle som ut frå kristen tru ønskjer å tene kyrkje, kultur og samfunn. NKA vil vere ein aktiv pådrivar i kulturfeltet, og stimulere til aua kontakt og samarbeid mellom kyrkje og kulturliv elles. Vi arbeider for dialog og meiningsbryting, og bidreg til ein levande og ope samtale i lokalsamfunna og storsamfunnet. Vi arbeider for å bringe kristne perspektiv inn i samfunnsdebatten. Vi vil gje rom for det andelege, den frie tanke, analytisk refleksjon, og gje menneske mot til å fremje standpunkt også om dei framstår som kontroversielle og upopulære. NKA ønskjer å påverke haldningar og mobilisere til handling, ved å bidra til auka engasjement for skaparverk og menneskeverd. Dette er kontinuerlege oppgåver for vår rørsle.

Kyrkjeakademia har som føremål:

  1. Å bidra til dialog mellom ulike grupper av menneske
  2. Å skapa møteplassar fordjuping og meiningsbryting om evige spørsmål så vel som tidsaktuelle utfordringar
  3. Å fremje kunnskap om betyding av kunst i kyrkja og kva kyrkja betyr for kunsten
  4. Å gjere opne samtaler mogleg med rom for innsikt, engasjement og kritikk

NKA har ca. 80 medlemsakademi. Akademia er sjølvstendige einingar, og styrar sjølve aktiviteten sin. Programma til akademia er gullet til NKA. Arbeidet er grunnlagd på stor frivillig innsats.

Dette gjer vi:

  1. Norske kyrkjeakademi arbeider for religionsdialog og ei forståing om at kulturelt mangfald gjer eit rikare samfunn
  2. Norske kyrkjeakademi arbeider for å utvikle kyrkja som kunstarena
  3. Norske kyrkjeakademi bidreg til eit større kyrkjeleg engasjement på kultursektoren
  4. Norske kyrkjeakademi deltek aktivt i internasjonale nettverk
  5. Norske kyrkjeakademi spelar ei viktig rolle i kyrkje, kultur og samfunn
  6. Kyrkjeakademirørsla arbeider for auka økonomisk støtte og finansiering frå fleire kjelder, både på lokalt og nasjonalt nivå

Dette vil vi:

Religionsdialog:
  1. Etablere møteplassar på tvers av kulturar og religionar, med mål om ulike kulturuttrykk og større kulturelt mangfald i val av foredragshaldarar og kulturinnslag på arrangement
  2. Bidra til reell dialog mellom personar av ulik tro og ulik ståstad
  3. Skapa ei motvekt til fundamentalisme og ekstremisme
  4. Styrke NKA sin profil som økumenisk rørsle
  5. Tematisere maktforhold i dialogarbeidet
  6. Oppfordre medlemsakademi til å støtte økumeniske tiltak ved å delta på fellesarrangement med ulike kyrkjesamfunn
  7. Stimulere medlemsakademia med ulik konfesjonell basis til å laga fellesarrangement
Kunst og kultur:
  1. Vere pådrivar for prosjekt som tematiserer religionanes rolle i ulike kunstformer og kulturelle tradisjonar
  2. Formidle betyding av samanheng mellom kunst, kultur og kyrkje gjennom foredrag og artiklar
  3. Bidra til refleksjon om bruk av kyrkjerommet
  4. Bidra til bruk av ulike kunstuttrykk i kyrkjerommet, og til at kunstnarar frimodig kan ta kyrkja i bruk
  5. Skapa møteplassar mellom kyrkjelege medarbeidarar, kunstnarar og kulturadministratorar
  6. Gjennomføre seminar om kyrkje og kultur
  7. Samarbeide med medlemsakademi, kyrkjelydar, kunstnarar og kulturinstitusjonar i planlegging og gjennomføring av enkeltprosjekt
  8. Delta i debatten om kulturarv, kulturformidling og mangfald
  9. Auke formidling, kunnskap og medvit om kyrkjebygga
  10. Fremje forståing av betydning av kunst og kultur for barn og unge
Samfunn:
  1. Bidra til å sette grunnleggande spørsmål som klima, naturmangfald, fattigdom, krig/fred, vald på dagsorden
  2. Arrangere konferansar i samarbeid med medlemsakademia og andre aktørar
  3. Belyse aktuelle samfunnsspørsmål på årsmøta våre
Nasjonaljubileet 2030:
  1. Bidra til å lyfte fram nasjonaljubileet, både med tanke på auka kunnskap om historia, kristendomens betydning og som eit høve til å byggje fellesskap
  2. Delta i debatten om 2030 med vekt på kristendommen si betydning for samfunnet, verdispørsmål og andelege perspektiv
  3. La innhaldet i Sannhets- og forsoningskommisjonen sin rapport prege ulike tema i Nasjonaljubileet
  4. Delta i utvikling av tusenårsteppet
  5. Planlegge og gjennomføre ulike arrangement og tiltak knytt til tusenåsmarkeringa
  6. Oppfordre medlemsakademia til å tematisere ulike jubile i tida fram til 2030
  7. Stryke formidling, kunnskap og bevisstheit om kyrkjebygga
  8. Samarbeide med skule og utdanningsinstitusjonar
Tru og andelege:
  1. Lyfte fram tema knytt til kristen tru, teologi, økumenikk og kyrkjehistorie
  2. Opne opp for ulike formar for tidebønner, liturgiar og retreat
  3. Syne teologiens betydning for å belyse samfunnsspørsmål
Organisasjon:
  1. Gjere kyrkjeakademirørsla meire kjent i samfunnet
  2. Delta under Arendalsuka og liknande arrangement
  3. Støtte opp om medlemsakademias arbeid
  4. Arbeide for fleire samarbeidsprosjekt mellom medlemsakademia og mellom medlemsakademi og NKA
  5. Stimulere til samarbeid mellom lokal akademi gjennom å legge til rette for å gje økonomisk støtte til regionale prosjekt og tiltak
  6. Vidareutvikle årsmøtet som møteplass for idé- og erfaringsutveksling, og stimulere til auka deltaking frå medlemsakademia i årsmøtet
  7. Styrke kyrkjeakademirørsla gjennom auka samarbeid med andre aktørar i kyrkje og samfunn
  8. Samarbeide med utdanningsinstitusjonar
  9. Samarbeide med andre organisasjonar/institusjonar for å sikre større oppslutning om arrangementa
  10. Styrke arbeidet med rekruttering i kyrkjeakademirørsla
  11. Inspirer medlemsakademia til å nå nye målgrupper
  12. Delta med arrangement på arenaer som bibliotek, litteraturhus og kulturhus
  13. Arbeid for å utvikle eit senter med vekt på kyrkje, kultur og samfunn nær Søsterkyrkjene på Granavollen
Økonomi
  1. Arbeide for styrka økonomi for medlemsakademia
  2. Styrke arbeidet med prosjekt-finansiering, dvs. at delar av NKA sitt arbeid finansierast ved prosjektmidlar (nasjonalt/internasjonalt)
  3. Arbeide politisk for å få ei ny vurdering av søknaden til Kulturdepartementet, ei vurdering som tar høgd for stor auke i aktiviteten til rørsla
  4. Oppfordre medlemsakademia til å bruke støtteordningar lokalt og til å vurdere ulike formar for inntektsskapande verksemd.