1814 og det visuelle Norge
Voss Kyrkjeakademi og Voss Kunstlag vil gjerne informera om den NASJONALE JUBILEUMSUTSTILLINGA som på Vestlandet blir vist i Baroniet i Rosendal 7. juni – 10. august. Utstillinga ”Tidemand og Gud” viser scener frå norsk kristenliv på 1800-talet, og kunstnaren Adolph Tidemand brukte og Vangskyrkja som motiv for sine måleri. Utstillinga opnar i Pinsen, med forelesingar ved kunsthistorikar Magne Malmanger, Universitetet i Oslo.
Bileta vektlegg folkelivsskildringar der Tidemand gjev uttrykk for norsk kristenliv vist gjennom lekmannsrørsle og gudstenesteliv i norske bygder, men også høgdepunkt i livet som konfirmasjon og bryllaup, og naud og sosiale skilnader.
Ytringsfridom, forsamlingsfridom og nasjonsbygging er på ulik vis knytt til 1814 og utviklinga vidare på 1800-talet. Den 28. juni blir det i samband med utstillinga eit historisk seminar: 1814 OG DET VISUELLE NORGE, ved professor Sigrid Lien og andre i kultur- og medievitskap.
Utstillinga er ei fin oppleving å få med seg, på ein dagstur eller ved andre høve i ferietida i sommar.