Luther 2017. Tilbakeblikk på reformasjonsjubileet
Dagsseminar som analyserer og diskuterer markeringar av reformasjonsjubileet i Tyskland, Sverige, Danmark og Norge.
Tid: Fredag 12. januar 2018 kl. 10-16
Stad: Litteraturhuset i Oslo, Wergelandsveien 29, 0167 Oslo
Om seminaret:
Over heile den protestantiske verda har 2017 blitt feira som 500-årsjubileet for starten på reformasjonen. Ulike aktørar har brukt det til å fremje verdiar og formidle notidige bodskap som dei har funne viktige. Slik har feiringa vore ei politisk handling og reformasjonsjubileet minnepolitikk, fordi det har gjeve tolkingar av fortida som kan påverka haldningar og handlingar i samtida. Seminaret skal handle om korleis historia om reformasjonen blei “gjenfortalt” i 2017. Det skal drøfte iscenesetjinga av reformasjonsjubileet, mest i Norge, men også med eksempel frå andre nordiske land og frå Tyskland. Ei sak som gjer feiringa i Norge 2017 særleg interessant, er at ho fell saman med den formelle avviklinga av statskyrkja, eit ektefødd barn av reformasjonen. Korleis har statslutherdomen blitt feira i året for statslutherdomen si gravlegging på kyrkjeleg såvel som statleg hald? Og korleis har dei problematiske sidene ved Luther blitt handsama, hans hatske utfall mot pave, jødar og muslimar? Dette er nokre av dei tema vi vil sjå nærare på.
Arrangørar: TF (Teologisk fakultet, Universitetet i Oslo)
og KIFO (Institutt for kirke-, religions-, og livsynsforskning)
Pris: 300 kr
Gratis for studentar
Mer informasjon, progam og lenke til påmelding finner du her.
Grafisk design: Merete Berg Toreg