«Sequelae Christi» – I Kristi fotefar. Dei nye martyrane med Sr. Anne Bente Hadland:

Martyriet er ikkje nytt for kyrkja. I Apostelgjerningane les vi skildringa av då Stefanus vart steina, tilliks med mange forteljingar om hard motstand. Dei kristne vart hardt forfylgde under mange romerske keisarar. I Colosseum i Roma vart kristne kasta for ville dyr som «folkeforlystelse». Også frå moderne tid kjenner vi dette; både kjende og ukjende har blitt forfylgde, og endåtil tekne livet av, for trua si. Kaj Munk, Dietrich Bonhoeffer og Martin Luther King er kjende namn her.

Martyriet er elles ikkje berre noko som kristne lid under. I dei seinare åra har vi òg sett oppslag om forfylgjing av rohingaer, jesidiar og ba’haiar. Og i kyrkja si soge finn vi dessverre òg mange døme på at kristne har forfylgd annleistruande, både kristne og andre.

Anne Bente Hadland har vore særleg oppteken av martyriet i moderne tid, særleg det 20. hundreåret, det hundreåret som har hatt flest martyrar gjennom heile kyrkjesoga. Noko av det karakteristiske med vår tid er dei mange forfylgjingane under umenneskeleg politiske regime, men òg det at martyriet kan ha endra karakter. Og ikkje minst har vår tids mediesituasjon gjort at fokuset har auka, særleg gjennom oppslag om spektakulære hendingar.

Vi ser fram til eit spanande foredrag.

 

Sr. Anne Bente Hadland er fødd i Stavanger. Ho er utdanna lærar med norsk, tysk og idéhistorie i fagkrinsen, og arbeidde som lærar i ungdomsskulen før ho i 1985 gjekk inn i klosterfellesskapet Katarinahjemmet i Oslo, som ho seinare har vore tilknytt.

Sr. Anne Bente har hatt mange tillitsverv innan den katolske kyrkja, m.a. har ho vore priorinne ved Katarinahjemmet i fleire periodar. Ho har vore leiar for informasjonstenesta i Oslo Katolske Bispedømme og for bispedømets Kommisjon for rettferdighet og fred.

Sr. Anne Bente har oversett mange bøker og artiklar, m.a. Benedikt XVI Jesustrilogien, Johannes Paul II Evangelium Vitae og pave Frans Laudato Si. Interessant for vår samanheng er omsetjinga av «De 21 – En reise i de koptiske martyrenes fotspor».

Det må òg nemnast at ho er aktiv som foredragshaldar og samfunnsdebattant i ulike fora.

 

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek

 

Inngongspengar: 150 kroner

Billettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, i kiosken i Stord Kulturhus, eller med Vipps ved inngangen.

Dato

18 apr 2023
Utløpt!

Tid

19:00

Sted

Stord folkebibliotek
QR-kode