Menneskeverd under press

Foredrag ved professor emeritus Ola Didrik Saugstad.

Dagens bioteknologiske utvikling står i ein lang historisk tradisjon. I dag vert det utvikla stadig meir raffinerte testar for å påvisa sjukdom, lyte og eigenskapar ved foster. Er det ein samanheng mellom denne utviklinga og antikkens praktisering av infanticide – spedbarndrap, og med eugenikken – arvehygienen, som stod så sterkt i dei første tiåra av det 20. hundreåret? Ligg det eit spesifikt menneskesyn bak?

Sjølvbestemming som prinsipp for kvart enkelt menneske er viktig, men sjølvbestemmingas grenser må me òg vera villige til å diskutera. Saugstad set dagens utvikling i eit historisk perspektiv og drøftar etiske spørsmål knytt til bioteknologi og menneskeverd.

Foredraget byggjer på professor Ola Didrik Saugstad si nye bok, «Pandoras Eske – Mennesket og Bioteknologien».

 

Ola Didrik Saugstad er barnelege, forskar og samfunnsdebattant i spørsmål om medisinsk etikk. Han er professor (emeritus) i barnesjukdomar ved Universitetet i Oslo, og har hatt mange funksjonar og verv innan nyføddmedisin. Han er rekna som ein av dei leiande i verda innan denne greina av medisinen.

 

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.

Billettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, eller i kiosken i Stord Kulturhus.

Dato

20 sep 2022
Utløpt!

Tid

19:00 - 21:00

Etiketter

Foredrag

Sted

Stord folkebibliotek
QR-kode