Magnus Lagabøtes landslov 750 år

Foredrag ved Jørn Øyrehagen Sunde

Guds fire døtre – Frå Salme 85 til Landslova av 1274

Landslova av 1274 var heilt essensiell i prosessen fram mot ein ny samfunnsfellesskap og ei gryande norsk statsmakt. For å nå dette målet, brukte Magnus Lagabøter historia om Guds fire døtre. Dei er nemnt i Salme 85, vart utvikla i jødisk tradisjon, reiste til Norge via St. Viktor-klosteret i Paris, for å verta avbilda i Nidarosdomen før dei vart ein grunnstein i Landslova av 1274. Den utrulege historia er til og med til hjelp for å betre forstå Norge i dag, og dei utfordringar som vårt samfunn står ovanfor.

JØRN ØYREHAGEN SUNDE er professor i rettshistorie ved Institutt for offentlig rett i Oslo, forskar på Nasjonalbiblioteket, og den fremste eksperten på Landsloven av 1274.Han har tre gonger fått undervisningsprisen ved Juridisk fakultet i Bergen, fekk i 2012 Meltzer-prisen for framifrå formidling, og i 2023 fekk han Sarton-medaljen for framifrå rettshistorisk forsking. Jørn Øyrehagen Sunde er aktuell med boka Kongen, lova og landet(Kagge forlag 2023).

Arrangør: Kapittel i samarbeid med Stavanger kirkeakademi og bispedømme.

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

21 sep 2024

Tid

16:00 - 18:00

Etiketter

Foredrag

Sted

Stavanger domkirke
QR-kode