Levi Henriksen & The Babylon Two

I 2022 var det førti år sidan Levi Henriksen var med på si første plateinnspeling og 20 år sidan han debuterte skjønnlitterært med «Feber», men framleis får han spørsmål om han eigentleg er musikar eller forfattar. I denne førestillinga, som best kan kallast ein musikalsk-litterær standup, får me høyre om dei 87 refusjonane, dei over 30 skjønnlitterære bøkene, og dei ti plateutgivelsane. Men mest av alt får me høyre om kva som får Henriksen til å tikke både som musikar og forfattar, kven og kva som har gjort han til den kunstnaren han er, og den lange vegen frå å vere ein liten pinsevenngut til å bli ein av landets mest folkekjære forfattarar og rockepoetar.
I forkant av konserten blir det ein bokprat med Svein Olav Langåker.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Bakeriet Frugård og Stord Kyrkjeakademi

Dato

16 sep 2023
Utløpt!

Tid

18:00 - 19:00

Etiketter

Musikk

Sted

Bakeriet Frugård
QR-kode