Kva er det livssynsopne samfunnet?

Tru og livssyn har endra seg i samfunnet vårt dei siste tiåra – både på godt og vondt. Desse endringane har lagt grunnlaget for ny politikk. 1. januar i år vart ei ny lov gjort gjeldande – Trussamfunnslova. Den skal leggja til rette for at Noreg skal vera eit livssynsope samfunn. Men kva er det? Korleis ser det ut? Har vi eit livssynsope samfunn? Vil vi ha det? Kva skal til?
Sturla Stålsett er professor i diakoni, religion og samfunn på MF Vitenskapelig Høyskole, og tidlegare generalsekretær i Kirkens Bymisjon. Han leia det regjeringsoppnemnde utvalet for ein gjennomgang av trus- og livssynspolitikken i Noreg som resulterte i utgreiinga «Det livssynsåpne samfunn» (2013). I haust er han klar med ei rykande fersk bok om dette emnet. Stålsett har tidlegare publisert ei rekkje faglege bøker, artiklar og skriv, og han gjev ut eigen musikk. I foredraget vil han dele erfaringane sine med oss.

Dato

17 nov 2021
Utløpt!

Tid

19:15 - 21:00

Etiketter

Foredrag
QR-kode