Haugespor – Skaparånd, spetakkel…og strikkepinnar

Eit jubileumsspel i Hans Nielsen Hauge sine fotspor – 250 år etter hans fødsel.
Bli med attende til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front.  Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar.

Fire skodespelarar og musikar spelar 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Dette er ei framsyning ved Ryfylke Livsgnist, og blir arrangert i samarbeid med Ål Normisjon og Sokneråda i Ål

Dato

23 sep 2021
Utløpt!

Tid

19:00 - 21:00

Etiketter

Forestilling

Sted

Ål kyrkje
Ål kyrkje
QR-kode