Arne Garborg – eit hundreårsminne

Ved Jan Inge Sørbø

14. januar er det 100 år sidan Arne Garborg døydde. «Språkspørsmålet var viktig for Garborg på fleire nivå. Eksistensielt greip han målsaka som livsoppgåve då han glei ut av den tradisjonelle religionen på slutten av 1870-åra», står det å lese i Store norske leksikon. I dette foredraget vil Jan Inge Sørbø ta for seg Garborg sitt tilhøve til religionen og arbeidet hans med målsaka.

Jan Inge Sørbø er litteraturvitar, skjønnlitterær og faglitterær forfattar. Han er professor ved Høgskulen i Volda og har skrive biografien Arne Garborg. Frå bleike myr til alveland (2015). I 2018 gav han ut Nynorsk litteraturhistorie.

NB! Inngangspengar kr. 100,-.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Ås mållag og Ås kyrkjeakademi

Date

23 jan 2024
Expired!

Time

19:30 - 21:30

Labels

Foredrag

Location

Ås kulturhus
Category
QR Code