Welcome to Gaza

– om kvardagsliv og gjestfridom før krigen v/Kjetil Lillesæter

Dei kristne kyrkjesamfunna i Gaza er mellom dei eldste i verda. Der, på 300-talet, skreiv klostervesenet sine munkar ned forteljingar om dei første kristne, og omsette bibeltekstar til fleire språk. I dag finst både katolske og gresk-ortodokse kyrkjesamfunn og ei baptistmenighet i området.

Også desse blir ramma av krigen, heller ikkje dei kristne kyrkjene er trygge, og fleire kristne har mista livet på tragisk vis. Kor lenge kan verdas eldste kyrkjesamfunn overleve? Korleis forheld kristen-Norge seg til det som skjer? Kor er vår solidaritet?

Her har Kjetil Lillesæter venner, han kjenner geografien og samfunnet og har besøkt og levd saman med palestinske kristne i fleire periodar sidan 2009. Han vil fortelje om inntrykk, tankar og om menneske han kjenner. Kva skjer med dei no – og når krigen ein gong tar slutt?

 

Kjetil Lillesæter frå Ålesund er kjend som livssynsjournalist m.a. i NRK, der han har skapt program som det populære «Tro, håp og Lillesæter».

Sidan 2009 har han mange gonger besøkt Gaza, og har hatt korte og lengre opphald i området. Engasjert og engasjerande har han formidla kunnskapen sin om korleis folk lever i Gaza.

 

Dato

23 apr 2024
Utløpt!

Tid

18:30 - 20:30

Etiketter

Foredrag

Sted

Moa bibliotek
QR-kode