Teologisk og språkleg rebell. Korleis påverka opprøraren Martin Luther skriftspråket vårt? med professor emeritus Gunnstein Akselberg

Martin Luther har påverka oss i dag på mange måtar, som t.d. ved måten me tenkjer på, verdiane våre, handlingane våre og ideala våre. Mange er vortne kjende med Luther gjennom kristendoms- og religionsundervisinga på skulen, og gjennom konfirmasjonsundervisinga, endå om no mykje er under endring på dette området. Andre er vortne kjende med Luther gjennom gudstenester og religiøst arbeid.

 

Men også i dei som ikkje er særleg religiøst aktive og interesserte, ja, også i ateistar, bur det ein lutheranar, utan at me i det heile er klar over det. Særleg på eitt bestemt området er me alle «lutheranarar» utan at me ofrar det ein tanke: Kvar einaste gong me skriv med blyant eller penn på papiret, når me hamrar laus på tastaturet og når me tekstar på alle mogelege digitalt sosiale plattformer – då er me alle lutheranarar.

 

 

Gunnstein Akselberg er frå Voss. Han er professor emeritus i nordiske språk ved Universitetet i Bergen, der han særleg har arbeidd med sosiolingvistikk, dialektologi og namnegransking.

I dei seinare åra har han vore fast og populær gjest i fjernsynsprogrammet Eides språksjov, der han og Linda Eide tek opp ulike emne om språk, namn og talemåtar.

 

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.

 

Inngongspengar: 150 kroner

Billettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, i kiosken i Stord Kulturhus, eller med Vipps ved inngangen.

Dato

23 mar 2023
Utløpt!

Tid

18:00

Sted

Stord folkebibliotek
QR-kode