Olsok i Borgund: Livet etter pandemien

I foredraget vil Nylenna sjå på korleis korona-pandemien i godt over eit år har prega liva våre.  Vi har møtt situasjonar vi ikkje såg for oss, og erfart kor avhengige vi er av kvarandre når farar trugar.  Kva har vi opplevd i denne tida, som samfunn og som enkeltpersonar?  Har vi lært noko som vi kan og bør ta med oss vidare når dette er over? Eller skal alt bli heilt som før?  Kan det vere at livet etter pandemien byd på sjansar vi elles ikkje ville ha oppdaga?

Magne Nylenna, f. 1952, Ålesund, konfirmert og vigd i Borgund kyrkje. Han er medisinar, fagdirektør ved Folkehelseinstituttet og professor i samfunnsmedisin v/Universitetet i Oslo.

Nylenna har vore generalsekretær for Den Norske Lægeforening, og fagdirektør for Helsedept. m.a. i utforming av Nasjonal helse- og omsorgsplan.

Olsokarrangementet er eit samarbeid mellom kyrkjelydar i Ålesund,

 Døves menighet, Nordisk-katolsk kyrkje og Borgund og Spjelkavik kyrkjeakademi.

Dato

29 jul 2021
Utløpt!

Tid

19:30 - 21:30

Etiketter

Foredrag

Sted

Borgund kyrkje
Borgund kyrkje
QR-kode