«Min salme». Bygdefolk fortel om den salmen dei likar best

«Kva er din salme?»

Dette spørsmålet har me i Stord kyrkjeakademi stilt til mange ulike personar på Stord.

 

Mange av oss har eit forhold til salmar. Dåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd er viktige merkedagar i liva våre, og svært ofte blir det på desse merkedagane brukt salmar.

Salmebøker har vore viktige bøker i Noreg. Viktige for den enkelte si personlege tru, men også kulturelt, språkleg og historisk heilt fram til i dag.

 

Stord kyrkjeakademi ynskjer å arrangera ein allsong-/salmekveld i Nysæter kyrkje i mars. Til å velja ut salmar me skal høyra og syngja, har me altså spurt mange ulike personar på Stord. Me har også utfordra dei til å fortelja kvifor dei har valt akkurat denne salmen. Nokre vil også synga salmen sjølv!

 

Men aller best er allsongen – å få syngja mange i lag med den stemma ein har.

 

 

Inngongspengar: 150 kroner

Dato

16 mar 2023
Utløpt!

Tid

19:00

Sted

Nysæter kyrkje
QR-kode