Kirkens grunn. Kyrkja sin kamp mot nazistisk ideolog. Kva slags ideologiar har kyrkja å kjempe mot i dag?

Foredrag ved professor emeritus Egil Morland.

I året 2022 er det fleire datoar som inviterer til 80-års markeringar av den norske kyrkjekampen under 2 verdskrigen. Kyrkjeakademiet hadde først planlagt ein kveld den 5.april, då det var 80 år sidan  den norske kyrkja  gjorde alvor av protestane mot nazi-styret. Då la dei aller fleste prestane ned det statlege embetet sitt,  Eit vedkjenningsskrift vart opplese frå  preikestolane 1. påskedag. I dette skrivet som vart heitande «Kirkens grunn» tok dei eit oppgjer med den ideologien som  styresmaktene då ville innføre i samfunnet. Kyrkja vart såleis ein viktig del av den sivile motstanden.

Kva kan me lære av dette modige steget kyrkja tok den gongen ? Og korleis står det til med kyrkja si kritiske røyst i ideologidebattane i dag? Dette vil professor Egil Morland  ha som tema denne kvelden. Me får også  nokre lokale historiske glimt ved at Johanna og Johanne Hjelland vert med og fortel om far og svigerfar, presten Peter Hermannsen, som sto oppi denne kampen.

No vert den nye datoen 15. november. Og det kan vel òg nemnast at i november 1942  var det fleire dystre hendingar som kastar lys over ulike sider ved den kampen som føregjekk.

 

Egil Morland er utdanna teolog og prest. Han har vore professor og rektor ved NLA Høgskulen. I fleire år var han òg leiar av presteforeninga

 

Det vert høve til spørsmål og ordskifte.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.

Billettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, eller i kiosken i Stord Kulturhus.

Dato

15 nov 2022
Utløpt!

Tid

19:00 - 21:00

Etiketter

Foredrag

Sted

Stord folkebibliotek
QR-kode