Frå rituelle handlingar til inderlig tru

Ved Professor Jørn Øyrehagen Sunde.

I 1024 haldt kong Olav 2. den heilage eit riksmøte på Moster sør for Bergen. Her freista han og biskop Grimkjell å endra politikk, samfunn og rett i heile det norske riket etter fransk førebilete. Olav den heilage si lovgjeving var riksdekkjande, men fekk ulik utforming i ulike deler av riket. I 1274 gav kong Magnus 6. Lagabøter Landslova, som var den fyrste riksdekkjande lovboka i norsk historie, og ei av få i Europa. Kristninga var no komen så langt, at den verdslege retten var gjennomsyra av det nye verdigrunnlaget. Dette gjorde igjen politikk, samfunn og rett klar for dei store endringane som kristenretten på Moster hadde opna for. Foredraget bygger på den nye og kritikerroste boka ”Kongen, lova og landet”. Tønsberg Y´s men er medarrangør.

Dato

27 feb 2024
Utløpt!

Tid

19:00 - 21:00

Etiketter

Foredrag

Sted

Solvangkirken
Solvangkirken
QR-kode