Fellesskap og grenser for makt – Kristenretten på Moster av 1024 og Landslova av 1274.

Ved Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Universitetet i Oslo og har mellom anna dei siste ti åra leia landslovprosjektet.

Olav den heilage og biskop Grimkjell sin kristenrett, vedtatt på Moster i 1024, var tenkt som ei stor religiøs, politisk, rettsleg og sosial reform av det norske riket. Men den fekk ikkje straks den tiltenkte samfunnsomdannande verknaden. Over tid verka derimot kristenretten sitt verdigrunnlag med andre samfunnsendringar.
Med kong Magnus Lagabøters Landslov av 1274 vart den fellesskapen og dei grensene for makt som kristenretten la opp til, fullt ut realisert. Difor er det langt frå bare retorikk når Magnus Lagabøter i Landslova framstiller seg som Sankt Olavs ettermann, som forvaltar og utviklar kristenretten på Moster.

 

Inngang: Kr. 100,-. Vipps (536313) eller kontant.

Date

08 okt 2024
Expired!

Time

19:30 - 20:30

Labels

Foredrag

Location

Ås kulturhus
Category
QR Code