Der kyrkja i Noreg vart fødd

Ingen går i land på øya Selja sør for Stad utan å undra seg. Og ingen reiser derifrå urørt: Ruinane av klosteret frå mellomalderen, med klokketårn i full høgde, det mektige landskapet ut mot storhavet, den spennande fortida og historia om St. Sunniva gjer stort inntrykk.
Selja er den første staden i landet vårt der kyrkje og kristendom festa røter. I 996 vart Selja ein helgenstad knytt til St. Sunniva, den irske prinsessa som på dramatisk vis kom over havet. Kring 1068 vart Selja eit av dei tre første bispeseta i landet, saman med Oslo og Nidaros. Nokre år seinare fekk Selja eit av dei første klostera i Noreg, vigd til St. Albanus.
Selja er det eldste pilegrimsmålet i Noreg, og nest etter Nidaros, det viktigaste. St. Sunniva er den einaste kvinnelege, norske helgen; ho er skytshelgen for Vestlandet og sjøfarande.

Birger Bolstad frå Torpo, mangeårig lektor ved Gol vidaregåande skule, no pensjonist, har lenge vore fascinert av St. Sunniva og Selja. Han vil fortelja legenda om St. Sunniva og den særmerkte  historia om øya, i ord og bilete.

Dato

18 okt 2021
Utløpt!

Tid

19:15 - 21:00

Etiketter

Foredrag

Sted

Ål kulturhus
Ål kulturhus
QR-kode