Bibelens kvinner – historiene som forma verda
Bibelen er full av modige, smarte og kreative kvinner, og nokre sleipe og skruppelause. Visste du at Judit måtte slå to gonger med sverdet for å kappe hovudet av hærføraren Holofernes? At Rebekka førte mannen sin bak lyset av rein morskjærleik? Eller at den prostituerte Rahab berga livet ved å fire spionar ut av vindauget?
Journalist og forfattar Alf Kjetil Walgermo har skrive boka Bibelens kvinner. Her gir han ei innsiktsfull og fengande innføring i korleis dei ulike kvinnene trer fram i bibelteksten, biletkunsten og i litteratur, musikk og film. Forfattaren teiknar eit kraftfullt bilete – av kvinner som har forma verda slik vi kjenner henne.
30. september kan du møte Walgermo i Hareid kyrkjeakademi. Då vil han dele fleire av desse historiene med oss.
