Regndropebarna og andre dyr

«Regndropeborna og andre dyr». Familiekonsert med Sigrid Moldestad og Regndropebandet.
Av alt diktaren Jan-Magnus Bruheim etterlet seg står barnedikta hans i eit eige lys. Hans vidunderlige evne til å undre seg over smått og stort, betraktningar blant natur og dyr og
hans klåre stemme til dei som fell litt utanfor, går att i dikta. Vakre sterke tekstar som snakkartil både små og store. Det er leikne historier om “Snigla som sykla” og dei som bur i
“Sutrelid” og det er såre bilete om bråkeguten som egentlig vil vere grei.
Sigrid Moldestad hadde tenkt på desse dikta sidan ho jobba med voksenplata “Brevet til kjærleiken” til
Bruheim sitt 100-års jubileum i 2014, så då Roald Kaldestad på Falturiltu oppmoda
Moldestad til å ta tak i det igjen i fjor, byrja samarbeidet.
Konserten er ein samproduksjon mellom Falturiltu, Førdefestivalen og Vossa Jazz. På konserten får publikum også sjå fleire av dei vakre illustrasjonane til Jens Kristensen. Regndropebandet består av Sondre Meisfjord (bass) Kåre Opheim (trommer) og Jørgen Sandvik (gitarar/dulcimer) Lyddesign Kjetil Aabø.

Dato

08 nov 2022
Utløpt!

Tid

18:00 - 19:30

Etiketter

Musikk

Sted

Valestrand kyrkje
QR-kode