Historieskriving i ideologiens teneste

Foredrag ved professor Ola Didrik Gjert Vestreheim.

 Historieskriving vil alltid vera merkt av interessene og vurderingane til forfattaren; det er difor historien stendig må skrivast på nytt. Men av og til tek ideologiske omsyn overhand i ein slik grad at historikarane «finn opp» fakta, eller snur dei på hovudet. Når slike falske «fakta» fyrst er komne inn i systemet (ikkje minst dei digitale!), tek dei til å leva sitt eige liv. Kombinert med at vi i vår skriftkultur generelt har stor tiltru til det skrivne ord, har desse nye «fakta» brått fått karakter av sanning.

Dette er ikkje berre eit randfenomen på obskure nettstader, vi finn dei òg i bøker utgjevne på respekterte forlag av kjende forfattarar og meritterte forskarar. Og ikkje minst finn vi dei i lærebøker i skulen, særleg når det gjeld tema som kyrkjehistorie og religion.

 

Gjert Vestreheim er klassisk filolog og professor i gresk ved Universitetet i Bergen. Spesialområdet hans er gresk lyrikk, men han har òg gjendikta Friedrich Hölderlin til norsk.

Det vert òg høve til spørsmål og ordskifte.

Møtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.

Billettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, eller i kiosken i Stord Kulturhus.

Dato

20 okt 2022
Utløpt!

Tid

19:00 - 21:00

Etiketter

Foredrag

Sted

Stord folkebibliotek
QR-kode