Petter Dass – Streng øvrighetsperson eller folkeleg diktar?
Ved Ronny Spaans.
Petter Dass (1647–1707) er kjend for salmar, Katekismesangene og skildringa si av Nord-Noreg i Nordlands Trompet. I litteraturen er han presentert både som prest, teolog, diktar og embetsmann. Somme meiner han var ein undertrykkjande øvrigheitsperson, andre at han var ein raus og folkeleg sokneprest. Kven var eigentleg Petter Dass?
Ronny Spaans er fyrsteamanuensis i eldre nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Han har jobba som journalist, har gjeve ut ei bok om norsk stadutvikling (Kjøpesenterlandet (2017)) og ei diktsamling, Svalene i Lisboa (2008).