BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.13.0//EN
X-ORIGINAL-URL:https://kirkeakademiene.no/
X-WR-CALNAME:Norske kirkeakademier (NKA)
X-WR-CALDESC:Et forum for tro, kultur og samfunn
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-0a30a980e3540e51eb25423caa79f0cb@kirkeakademiene.no
DTSTART:20230111T180000Z
DTEND:20230111T193000Z
DTSTAMP:20221116T092300Z
CREATED:20221116
LAST-MODIFIED:20221116
PRIORITY:5
SEQUENCE:0
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Unni Boksasp: Draumkvedet i Nordlandet kirke
DESCRIPTION:Eg har vore meg opp i sky\nog nedatt på svarte dike\neg har sett til heite helvete,\nog ein glimt av himmelrike,\n \nfortel Olav Aasteson, hovudpersonen i Draumkvedet. Han fell i djup søvn på julekvelden, og vaknar ikkje opp att før etter 13 døgn. Da har han drøymt at han har reist over Gjallarbrua til dødsriket. Han ser inn i Paradis, han ser dei grufulle straffane som ventar syndarar i Helvete og blir slutt blir han vitne til dommedag i Brokksvalin. 13. dag jul vaknar Olav opp frå draumen, salar på hesten sin og rir til kyrkja. Så set han seg i kyrkjedøra og syng ut heile den underlege draumen sin for kyrkjelyden.\n \nDraumkvedet er eit visjonsdikt, truleg frå slutten av mellomalderen. Den første nedteikninga vi har av Draumkvedet er frå 1842, og sidan er omlag 100 nedskrifter innsamla – alle frå øvre Telemark. Dei mest nytta versjonane er rekonstruksjonane gjort av Jørgen Moe, M.B. Landstad og Moltke Moe, som har sett saman tekstbolkar etter ulike kjelder til ein «fullverdig versjon». Variasjon og improvisasjon er ein del av folkesongen sin natur, og var ei utfordring for innsamlarane på 1800-talet. «Anne er upaalidelig og ikke sanddru, hun kan vel hav lavet noget hist og her på egen Haand.» skreiv Sophus Bugge i 1857 om Anne Skålen si framføring av Draumkvedet. Og det gjorde ho sjølvsagt, som så mange før og etter henne! Folkesongarane har, tradisjonen tru, forma Draumkvedet på sine personlege måtar opp gjennom historia.\n \nBilletter kjøpes her ( https://festspillksu.ticketco.events/no/nb/e/unni_boksasp_draumkvedet__nordlandet_kirke )\n
URL:https://kirkeakademiene.no/events/draumkvedet-med-ny-musikk-av-unni-boksasp-2/
CATEGORIES:Festspillene i Kristiansund
LOCATION:Nordlandet Kirke, Kristiansund
END:VEVENT
END:VCALENDAR
