BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.13.0//EN
X-ORIGINAL-URL:https://kirkeakademiene.no/
X-WR-CALNAME:Norske kirkeakademier (NKA)
X-WR-CALDESC:Et forum for tro, kultur og samfunn
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-c494d9524143b2ebe567475e985c19f7@kirkeakademiene.no
DTSTART:20211018T171500Z
DTEND:20211018T190000Z
DTSTAMP:20211102T113300Z
CREATED:20211102
LAST-MODIFIED:20211102
PRIORITY:5
SEQUENCE:0
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Der kyrkja i Noreg vart fødd
DESCRIPTION:Ingen går i land på øya Selja sør for Stad utan å undra seg. Og ingen reiser derifrå urørt: Ruinane av klosteret frå mellomalderen, med klokketårn i full høgde, det mektige landskapet ut mot storhavet, den spennande fortida og historia om St. Sunniva gjer stort inntrykk.\nSelja er den første staden i landet vårt der kyrkje og kristendom festa røter. I 996 vart Selja ein helgenstad knytt til St. Sunniva, den irske prinsessa som på dramatisk vis kom over havet. Kring 1068 vart Selja eit av dei tre første bispeseta i landet, saman med Oslo og Nidaros. Nokre år seinare fekk Selja eit av dei første klostera i Noreg, vigd til St. Albanus.\nSelja er det eldste pilegrimsmålet i Noreg, og nest etter Nidaros, det viktigaste. St. Sunniva er den einaste kvinnelege, norske helgen; ho er skytshelgen for Vestlandet og sjøfarande.\nBirger Bolstad frå Torpo, mangeårig lektor ved Gol vidaregåande skule, no pensjonist, har lenge vore fascinert av St. Sunniva og Selja. Han vil fortelja legenda om St. Sunniva og den særmerkte  historia om øya, i ord og bilete.\n
URL:https://kirkeakademiene.no/events/der-kyrkja-i-noreg-vart-fodd/
CATEGORIES:Ål kyrkjeakademi
LOCATION:Ål kulturhus
END:VEVENT
END:VCALENDAR
