BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.13.0//EN
X-ORIGINAL-URL:https://kirkeakademiene.no/
X-WR-CALNAME:Norske kirkeakademier (NKA)
X-WR-CALDESC:Et forum for tro, kultur og samfunn
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-8642785813491d703d517ddd00944054@kirkeakademiene.no
DTSTART:20260828T060000Z
DTEND:20260830T160000Z
DTSTAMP:20260614T173600Z
CREATED:20260614
LAST-MODIFIED:20260614
PRIORITY:5
SEQUENCE:1
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Olavseminaret på Gran
DESCRIPTION:Landstaddagene / Olavsseminaret 2026 – Norske kirkeakademier (NKA) ( https://kirkeakademiene.no/landstaddagene-olavsseminaret-2026/ )\n \nFredag 28. til søndag 30. august\nMagnus Brostrup Landstad laga den første norske salmeboka i 1870, med det vart han ein sentral person i nasjonsbygginga av Noreg på 1800-talet. Landstad var – som Ivar Aasen – opptatt av å utvikle norsk skriftspråk – som ein del av lausrivinga frå det danske\nI 1825 kom han som ung teologistudent til Gran, som huslærar for rittmeister Berg på Næs. Her møtte han prost Lassen si dotter Wilhelmine, som han seinare vart gift med. Han vart etter kvart sokneprest i Seljord i Telemark og andre stader – og mykje anna.\n\nLandstaddagane og Olavsseminaret har i år gått saman og skipar til eit Landstadseminar. Det vert salmar og salmesong, foredrag om Landstad og Olavstradisjonen, om fornying av salmetradisjonen og om kor mykje salmane har hatt å seie for bygging av tru, kultur og samfunn her i landet. Det vert historier frå Landstad si tid på Gran og i Telemark, gudsteneste (med Landstadsalmar) i Tingelstad gamle kyrkje (St. Petri) og vandring til Sølvsberget.\n \nProgrammet går over tre dagar. Det er råd å vere med på alt eller berre ein av dagane.\n\nFredag ettermiddag/kveld er det eit program med lokalt tilsnitt, om Landstad si tid på Hadeland. Det vert kåseri, allsong og tekstar av Landstad. Kyrkjekoret tek del.\nLaurdag vert det eit seminar i Mariakyrkja frå klokka 11 til 16 (registrering frå 10.30). Her vil det vere foredrag, musikk og salmesong, med Iver Kleive, Erik Hillestad, Vigdis Øystese, Arne Bugge Amundsen, Cathinka Dahl Hamnro, Kristin Gunleiksrud Raaum, Bergit Telnes og Herleik Baklid.\n\nDet vert matpause og litt mat før vi får ein konsert med Iver Kleive i Mariakyrkja frå klokka 17.30 til 18.30.\n\nSøndag er det gudsteneste i Tingelstad gamle kyrkje klokka 11. Under gudstenesta syng vi sjølvsagt Landstadsalmar.\n\nOg etterpå er det høve til å gå turen til Sølvsberget, der Magnus og Mina i si tid sverma.\n \nNærmare informasjon om påmelding kjem seinare.\n
URL:https://kirkeakademiene.no/events/olavseminaret-pa-gran/
CATEGORIES:Sør-Gudbrandsdal kirkeakademi
END:VEVENT
END:VCALENDAR
