BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.13.0//EN
X-ORIGINAL-URL:https://kirkeakademiene.no/
X-WR-CALNAME:Norske kirkeakademier (NKA)
X-WR-CALDESC:Et forum for tro, kultur og samfunn
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-19b1b73d63d4c9ea79f8ca57e9d67095@kirkeakademiene.no
DTSTART:20230418T170000Z
DTEND:20230418T190000Z
DTSTAMP:20230313T172900Z
CREATED:20230313
LAST-MODIFIED:20230313
PRIORITY:5
SEQUENCE:0
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:«Sequelae Christi» – I Kristi fotefar. Dei nye martyrane med Sr. Anne Bente Hadland:
DESCRIPTION:Martyriet er ikkje nytt for kyrkja. I Apostelgjerningane les vi skildringa av då Stefanus vart steina, tilliks med mange forteljingar om hard motstand. Dei kristne vart hardt forfylgde under mange romerske keisarar. I Colosseum i Roma vart kristne kasta for ville dyr som «folkeforlystelse». Også frå moderne tid kjenner vi dette; både kjende og ukjende har blitt forfylgde, og endåtil tekne livet av, for trua si. Kaj Munk, Dietrich Bonhoeffer og Martin Luther King er kjende namn her.\nMartyriet er elles ikkje berre noko som kristne lid under. I dei seinare åra har vi òg sett oppslag om forfylgjing av rohingaer, jesidiar og ba’haiar. Og i kyrkja si soge finn vi dessverre òg mange døme på at kristne har forfylgd annleistruande, både kristne og andre.\nAnne Bente Hadland har vore særleg oppteken av martyriet i moderne tid, særleg det 20. hundreåret, det hundreåret som har hatt flest martyrar gjennom heile kyrkjesoga. Noko av det karakteristiske med vår tid er dei mange forfylgjingane under umenneskeleg politiske regime, men òg det at martyriet kan ha endra karakter. Og ikkje minst har vår tids mediesituasjon gjort at fokuset har auka, særleg gjennom oppslag om spektakulære hendingar.\nVi ser fram til eit spanande foredrag.\n \nSr. Anne Bente Hadland er fødd i Stavanger. Ho er utdanna lærar med norsk, tysk og idéhistorie i fagkrinsen, og arbeidde som lærar i ungdomsskulen før ho i 1985 gjekk inn i klosterfellesskapet Katarinahjemmet i Oslo, som ho seinare har vore tilknytt.\nSr. Anne Bente har hatt mange tillitsverv innan den katolske kyrkja, m.a. har ho vore priorinne ved Katarinahjemmet i fleire periodar. Ho har vore leiar for informasjonstenesta i Oslo Katolske Bispedømme og for bispedømets Kommisjon for rettferdighet og fred.\nSr. Anne Bente har oversett mange bøker og artiklar, m.a. Benedikt XVI Jesustrilogien, Johannes Paul II Evangelium Vitae og pave Frans Laudato Si. Interessant for vår samanheng er omsetjinga av «De 21 – En reise i de koptiske martyrenes fotspor».\nDet må òg nemnast at ho er aktiv som foredragshaldar og samfunnsdebattant i ulike fora.\n \nDet vert òg høve til spørsmål og ordskifte.\nMøtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek\n \nInngongspengar: 150 kroner\nBillettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, i kiosken i Stord Kulturhus, eller med Vipps ved inngangen.\n
URL:https://kirkeakademiene.no/events/sequelae-christi-i-kristi-fotefar-dei-nye-martyrane-med-sr-anne-bente-hadland/
CATEGORIES:Stord kyrkjeakademi
LOCATION:Stord folkebibliotek
END:VEVENT
END:VCALENDAR
