BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
METHOD:PUBLISH
CALSCALE:GREGORIAN
PRODID:-//WordPress - MECv7.13.0//EN
X-ORIGINAL-URL:https://kirkeakademiene.no/
X-WR-CALNAME:Norske kirkeakademier (NKA)
X-WR-CALDESC:Et forum for tro, kultur og samfunn
REFRESH-INTERVAL;VALUE=DURATION:PT1H
X-PUBLISHED-TTL:PT1H
X-MS-OLK-FORCEINSPECTOROPEN:TRUE
BEGIN:VEVENT
CLASS:PUBLIC
UID:MEC-6eb887126d24e8f1cd8ad5033482c781@kirkeakademiene.no
DTSTART:20230323T170000Z
DTEND:20230323T190000Z
DTSTAMP:20230313T182600Z
CREATED:20230313
LAST-MODIFIED:20230313
PRIORITY:5
SEQUENCE:0
TRANSP:OPAQUE
SUMMARY:Teologisk og språkleg rebell. Korleis påverka opprøraren Martin Luther skriftspråket vårt? med professor emeritus Gunnstein Akselberg
DESCRIPTION:Martin Luther har påverka oss i dag på mange måtar, som t.d. ved måten me tenkjer på, verdiane våre, handlingane våre og ideala våre. Mange er vortne kjende med Luther gjennom kristendoms- og religionsundervisinga på skulen, og gjennom konfirmasjonsundervisinga, endå om no mykje er under endring på dette området. Andre er vortne kjende med Luther gjennom gudstenester og religiøst arbeid.\n \nMen også i dei som ikkje er særleg religiøst aktive og interesserte, ja, også i ateistar, bur det ein lutheranar, utan at me i det heile er klar over det. Særleg på eitt bestemt området er me alle «lutheranarar» utan at me ofrar det ein tanke: Kvar einaste gong me skriv med blyant eller penn på papiret, når me hamrar laus på tastaturet og når me tekstar på alle mogelege digitalt sosiale plattformer – då er me alle lutheranarar.\n \n \nGunnstein Akselberg er frå Voss. Han er professor emeritus i nordiske språk ved Universitetet i Bergen, der han særleg har arbeidd med sosiolingvistikk, dialektologi og namnegransking.\nI dei seinare åra har han vore fast og populær gjest i fjernsynsprogrammet Eides språksjov, der han og Linda Eide tek opp ulike emne om språk, namn og talemåtar.\n \nDet vert òg høve til spørsmål og ordskifte.\nMøtet er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Stord folkebibliotek.\n \nInngongspengar: 150 kroner\nBillettar kan kjøpast på www.stord.kulturhus.no, i kiosken i Stord Kulturhus, eller med Vipps ved inngangen.\n
URL:https://kirkeakademiene.no/events/teologisk-og-sprakleg-rebell-korleis-paverka-opproraren-martin-luther-skriftspraket-vart-med-professor-emeritus-gunnstein-akselberg/
CATEGORIES:Stord kyrkjeakademi
LOCATION:Stord folkebibliotek
END:VEVENT
END:VCALENDAR
